Musikk
Arkivet: Nick Cave i København
For knapt eit år sidan, seint i oktober, gjesta Nick Cave and the Bad Seeds København nokre få dagar etter at dei hadde spelt i Oslo Spektrum. Konserten gjekk føre seg i den relativt nyopna Royal Arena (kronprins Frederik innvigde salen i januar i fjor) på Amager, og jammen dukka ikkje den danske sopranen Else Torp opp for å synge duett med Cave på «Distant Sky» – ein av dei mest markante songane på Skeleton Tree (2016) – lysande framført denne haustkvelden i kongens by.
Det kan vi fastslå fordi Distant Sky no er her, ein EP med eit opptak av fire av songane frå konserten. Eg fekk med meg Cave og bandet på Bergenfest i juni, ein ugløymeleg kveld, og den ti minutt lange seansen som var «From Her to Eternity», har enno ikkje heilt sleppt taket. Det same kan eg seie om «Jubilee Street», ein song som viser korleis Cave og gjengen maktar å skru det heile opp endå eit hakk, akkurat når ein trur det ikkje går an å skru lenger. Begge songane er med her, og dei var like gode i Køben som i Bergen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.