Første gongen eg såg teikningane til den franske kunstnaren og serieskaparen Blutch, var på teikneseriefestivalen i Angouleme i Frankrike i 2010, der han stilte ut illustrasjonar. Då kjende eg ikkje til arbeida som nærmar seg jazzkulturen på slikt rikt vis – ikkje berre artistane, men også publikummet, samlarane, alle dei typete typane der ute. No har teikneserieforlaget Fantagraphics samla ein del av materialet hans på over knapt 100 sider i boka Total Jazz.
Total Jazz har vorte ei nydeleg bok. Blutch er meisterleg i skildringa av det viltre, uregjerlege og ofte frigjerande potensialet i jazzen, ikkje minst i måten han visualiserer sjølve musikken på, tonane som fyller rommet, enten dei kjem frå Wayne Shorters saksofon eller Sonny Sharrocks gitar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.