JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMusikk

Ambivalensens estetikk

Thomas T. Dahl skin frå første til siste tone.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2005
20180216
2005
20180216

Jazz

Skydive Trio:

Sun Sparkle

Thomas T. Dahl, gitar; Mats Eilertsen, bass; Olavi Louhivuori, trommer
Hubro HubroCD2596

Trioen vekte med rette oppsikt i 2015 med debuten Sun Moee. Samarbeidet dei tre imellom går endå lenger attende i ymse konstellasjonar i Eilertsens namn. Musikken var sett saman av forførande melodiar, raffinert harmonikk, «laus» rytmikk og luftig og gjennomsynleg lydbilete, men det lyttande samspelet var kanskje det mest oppsiktsvekkjande. Dei same kvalitetane fører trioen vidare på oppfølgjaren.

Den største skilnaden frå debuten er at trioen på Sun Sparkle også har skaffa seg ein rockefot å stå på. På fleire kutt er rytmikken fastare og meir bastant, og Eilertsen har på ein del spor skifta ut kontrabassen med den elektriske halvbroren. Dette som ved første gjennomhøyring verkar som eit markant stilskifte, er berre ei ytre form som ikkje endrar essensen i uttrykket til trioen. Opningssporet «Launch» av Eilertsen er eit glimrande døme. Med stødig rockefot og ein harmonikk som gjev næring til illusjonen om at noko faktisk kan veksa inn i himmelen, har dei lagt eit fundament som Dahl med ei nydeleg forma melodistemme emosjonelt dreg i ei anna lei. Ambivalensestetikk er ein raud tråd plata gjennom.

Sjølv om trioen har såkalla flat struktur, og namnet på trioen understrekar nettopp dette, er Sun Sparkle i endå sterkare grad enn debuten eit utstillingsvindauge for Dahl. Dette er eit paradoks ved plata. Dahl har berre signert éin av dei ti låtane. Resten står dei to andre for. Når eg likevel gjer dette til eit sentralt poeng, kan tittelkuttet til Louhivuori illustrera dette. Her spelar Dahl på heile registeret. Kompspelet, måten han formulerer og reformulerer temaet på, ornamentikken og dei korte flatene med formsikker improvisasjon er alt saman med på å gjera Sun Sparkle til ei heilt unik lytteoppleving.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis