Musikk
Ambisiøst for kvinnekor

Kvindelige Studenters Sangforening (Universitetet i Oslo) er verdas eldste akademiske kvinnekor. Sidan oppstarten i 1895 har dei ein lang tradisjon med å framføra nye, ambisiøse korverk, og det nye albumet deia, Kom regn, er heller ikkje nett prega av easy listening-musikk. Interessant nok er det den eldste, snart hundre år gamle modernistiske musikken som kling mest «ru»: Fartein Valens (1887–1952) tonesetjing av Maria-hymnen «Regina coeli laetare» («Himmeldronning, fryd deg») frå To motetter for kvinnekor, op. 14 (1931).
Kvindelige Studenters Sangforenings ypparlege framføring gjer oss merksame på det spesielle med Valens kormusikk, der dei musikalske parametrane er så ulike kvarandre stilistisk: Harmonikken er krast moderne, fri for tradisjonell tonal spenning (dissonans) og avspenning (konsonans). Men stemmeføringa og rytmikken er så tradisjonell at han kunne vore teken frå ein tre hundre år gamal Bach-kantate. Denne kombinasjonen er det som gjer Valens musikk så eineståande.