Musikk
Alvediskotekmusikk
Michal Turtle er ein gløymd artist vel verd å bli kjend med.
Den britiske musikaren Michal Turtles einaste album, Music From The Living Room, kom ut i 1983, visstnok i eit opplag på 500. Return to Jeka er ei samling hittil uutgjeven musikk han spelte inn mellom 1983 og -85 – åtte detaljrike spor i medium lågt tempo som læt svært 80-tals, men ikkje på den måten ein forventar.
Abstrakt lydcollage
Førstesporet snik seg inn med sitrande synthar og rumlande basslydar, fløyter som lurer i bakgrunnen og reverserte perkusjonssamplingar. Denne abstrakte, men behagelege lydcollagen blir avløyst av den drivande hypnotiske låten «Hyperethnic Blues», der ei suggererande bassline blandar seg med drøymande gitarar, plystrande synthar og fuktig perkusjon – det læt flytande og hektisk på same tid, litt som musikken ein ville vente å høyre dersom ein snubla innom eit alvediskotek ute i skogen.
«Uiko’s Return to Jeka» byd på minimalistisk funky post-punk med tilbakelent spoken word-vokal. «Dub This Heavy» tar deg, som namnet hintar om, med på ein søvnig svingom i dub-territoriet – ein basstung og febril transeinduksjon som held fram gjennom det karibiskklingande sporet som følgjer. Øytematikken held fram i «Jovan’s Island», ein eklektisk komposisjon av Hawaii-aktige gitarakkordar, ei funky bassline, hyperaktiv woodblock-perc og fyldige synthlydar.
Opp frå gløymsla
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.