Musikk
Allsong over alle grenser
Morten Skage skreddarsyr musikk.
Good Time Charlie følgjer opp suksessen frå Draumeblues og blåsus og Jubel og skrubbsår. Arle Hjelmeland har skrive tekstane og Morten Skage er den sentrale komponisten. Han har levert seks og er medansvarleg for to av i alt elleve låtar.
Musikken er ei fin legering av New Orleans-farga blues og britisk 60-tals poprock. Musikalsk er kanskje dette den beste barneplata så langt. Det skal spesielt Skage ha ære for. Låtane er fengande og fungerer i det allsongkonseptet dette er ein del av.
Ordspel
Hjelmeland likar å leika med språket. Tekstane har ei mengd ordspel som garantert fungerer hjå den yngre delen av publikum. Hjelmeland fortel om han som finn alle moglege grunnar til å ikkje bli med på tur, om det fortreffelege ved å bu på bondegard, om den intense gleda ved å hoppa i sølepyttar, om skjulestaden som er så superhemmeleg at ein ikkje finn han att, og mykje meir som både born og vaksne kan kjenna seg att i.
Halvvegs
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.