Musikk + ord = sant

Ny musikkradio frå Jonathan Richman og Annie Clark.

Multiinstrumentalist St. Vincent på scena i Boston i 2018. No er Annie Clark, som er fødenamnet hennar, klar med radioprogram.
Multiinstrumentalist St. Vincent på scena i Boston i 2018. No er Annie Clark, som er fødenamnet hennar, klar med radioprogram.
Publisert

Radioserie

Musikkradioen lever i beste velgåande i den digitale tidsalderen. Kanskje høyrer også sjangeren til mellom dei som ser ein ny vekst når den globale pandemien herjar, med få konsertar og mange heimekveldar som følgje? I løpet av det siste halvåret er det ikkje få artistar som har funne nye måtar å kommunisere med publikum på. Med det oppstår det også nye former for formidling og kontakt.

Det er altså dårlege tider for mangt, men ikkje for musikkradio. Mangfaldet er stort, i innhald og format, og spenner frå det spontane til det langtidsplanlagde, frå lågskala til høgskala produksjonar – noko ferske bidrag frå Jonathan Richman og Annie Clark illustrerer godt.

Sistnemnde er først ut i «Words & Music», ein nylansert serie frå den amerikanske lydbokgiganten Audible, som har inngått ein avtale med produksjonsselskapet Gunpowder & Sky. Det inneber profesjonalitet i alle ledd, og eit strigla produkt, men også ei kvalitetssikring som held mål for ein artist som St. Vincent.

Kontrastar

Det er likevel eit viktig poeng at det er Annie Clark vi får eit møte med, mennesket bak artistnamnet St. Vincent, snarare enn den populærkulturelle figuren ho har konstruert og opptrer som. At skiljet er viktig, kjem fram fleire gonger i løpet av programmet, der Clark fortel om kvifor ho valde eit slikt namn, og kor merkeleg det er å skulle balansere mellom to ulike typar tilvære. Er du vand med jubel frå titusenvis av fans den eine kvelden, vert det brått taust når du kjem heim etter ein turné, for det er ingen applaus å vente når du lagar toast på kjøkkenet. Det dreier seg om vanvittige kontrastar, som fører med seg gåver, men og kostnader.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement