Musikalsk rundebordskonferanse

Thomas Dahl & Court leverer overmål.

Publisert

Bergensgitaristen Thomas Dahl (45) har vore med på mest 70 innspelingar. Tida var såleis overmogen for plate i eige namn. Dahl kunne gjerne hatt namnet sitt på platene med Krøyt, Skydive Trio og BMX som jamning når det gjeld musikalske bidrag. Også på Quilter er det den flate strukturen som gjeld. Dahl er komponist av dei åtte låtane, elles er det fri musikalsk samtale som er idealet.

Samtale

Den musikalske samtalen kan ha ulike inngangar og ta uventa retningar. Komposisjonane er varierte og har sjølvsagt kvalitetar i seg sjølve, men også den funksjonen at dei gjev den musikalske samtalen retning. Opningslåten «Hermit» er eit glitrande døme. Her byggjer låten seg opp rundt ein bassfigurintrodusert solo av Thormodsæter. Dahl serverer temaet, og Fraanje og Johansen kommenterer – etter kvart ganske fritt assosierande. Den raske «A Wall» har ein meir konvensjonell struktur med lange solistiske strekk av både Dahl og Fraanje. Det skjer frå tid til anna at gitar og piano kan koma i vegen for kvarandre i lydbiletet, men det skjer definitivt ikkje her. Dahl skal ha ein stor del av æra for det.

Utsøkt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement