Musikk
Møster møter ungarske Jü
Eit norsk-ungarsk samarbeid som har kimen i seg til å bli bra.
For nokre veker sidan melde eg plata Reflections in Cosmo der også Kjetil Møster har ei likeverdig rolle, ei av fire. Saman med den ungarske trioen Jü er han framleis ein av fire, men her er han også den internasjonale stjerna. Båe platene er å finna på same selskap og presenterer Møster i to ulike roller, sjølv om saksspelet ikkje etterlèt tvil om kven som er opphavet.
Samspelet sit
Dette er ei plate som kom ut alt tidleg i 2014, men selskapet har fått sving på distribusjonen her til lands, og no står konsertar for døra.
Komposisjonane er det stort sett trioen Jü som står bak. Dei hentar inspirasjon frå ulike stiluttrykk som hadde si mest intense blomstringstid på 70-talet. Trioen har spelt saman i fem års tid, og det høyrest. Samspelet sit bra. Gitaristen har godt grep om verkemidla og er ein habil solist.
Ujamt
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.