Moskus på Victoria

Idéturke er eit ukjent omgrep for denne trioen.

Publisert Sist oppdatert

Anja Lauvdal, tangentinstrument; Fredrik Luhr Dietrichson, bass; Hans Hulbækmo, trommer, fløyte, einradar, munnspel og synth.

Om fem til ti minuttar av ein times improvisert musikk er rein magi, vil eg halda konserten for vellukka. Då er det greitt nok at resten er meir eller mindre vellukka freistnader. Med Earthly Habits leverer Moskus med klar margin.

Musikken er henta frå ein konsert på Victoria for to år sidan i høve utgjevinga av Mirakler. Dette må vera ein av dei merkelegaste sleppekonsertar som er gjevne. Musikken på dette dobbeltalbumet har berre fragmenterte tilvisingar til den plata dei då var i ferd med å promotera.

Trioen har jobba mykje med fri improvisasjon. Dei fire platene på Hubro gjev eit skeivt bilete av konsertbandet Moskus. Dei tre er på konstant jakt etter å utfordra og kommentera kvarandre. Dette gjeld i særleg grad Lauvdal og Hulbækmo. Dietrichson har i tillegg den samanbindande rolla.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement