Moses skål

Mose Allison vert tolka og heidra av fleire artistar på eit nytt album.

Mose Allison, som døydde i 2016, inspirerte mellom andre Van Morrison.
Mose Allison, som døydde i 2016, inspirerte mellom andre Van Morrison.
Publisert

Han laga ein heilt eigen miks av jazz og blues, Mose Allison (1927–2016), ein songar og pianist som også vert ståande som ein av dei største låtskrivarane i siste halvdel av det tjuande hundreåret. Nett dette siste går det an å få stadfesta med If You’re Going To The City: A Tribute To Mose Allison, ei ny plate der eit fint knippe artistar framfører sine versjonar av songane hans.

Ein skal ikkje undervurdere potensialet slike prosjekt har som døropnar. Eg oppdaga sjølv Mose Allison gjennom ein av hans ivrigaste lyttarar og fortolkarar, nemleg Van Morrison, som særleg i 1990-åra løfta fram songskatten hans ved mange høve, på konsertar med Georgie Fame og på samarbeidsalbumet Tell Me Something: The Songs of Mose Allison (1996).

Stor breidde

Sidan den gong har verdsveven vorten ei blanding av global jukeboks og levande arkiv, og vegen er kort frå versjon til versjon. Det mest påfallande med If You’re Going To The City er breidda i artistane som har late seg inspirere av Allison. Utgivinga dokumenterer i særleg grad kor viktig musikken hans har vore for rocken opp gjennom.

Somme lesarar veit alt litt om dette: The Clash gjorde jo ein versjon av «Look Here» for fire tiår sidan, på Sandinista! (1980), og då The Pixies gav ut Bossanova (1990) for tre tiår sidan, var visstnok songen «Allison» om vår mann: «And when the planet hit the sun/ I saw the face of Allison.»

Frank Black er med på If You’re Going To The City, og det er også Iggy Pop, som hygger seg gjennom ein stålkul «If You’re Going To The City» med små, velplasserte innslag av latter, og får det til å høyrest ut som songen var skapt for han. Eit par gode råd kjem han også med, for dei som skal gå i møte med byens mange farlege freistnader.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement