Mørk musikalsk meditasjon
Viddals kvartett skapar ein unik ensembleklang.
Mathilde Groos Viddal med Friensemblet på Nasjonal jazzscene.
Foto: Andreas Ulvo / mgviddal.com
Jazz
Mathilde Grooss Viddal:
Notre Dame – Meditations and Prayers
Mathilde Grooss Viddal, Bb-klarinett, bassklarinett, sopran- og tenorsaks; Hayden Powell, trompet; Børge-Are Halvorsen, tenorsaks; Øyvind Brække, trombone; Per Willy Aaserud, trompet og elektronikk. Losen Records LOS 245-2
Viddal held fram der ho slapp med Stabat Mater som kom i fjor. Hayden Powell på trompet erstattar fiolinisten Harpreet Bansal, elles er ensemblet det same. Musikken blei spelt inn i perioden 2013–2016. Besetninga på konsertbandet skifta gjennom desse åra, men kvartetten Viddal, Powell, Halvorsen og Brække gjorde ein del innspelingar i legendariske Rainbow Studio. Desse opptaka er supplerte med tre låtar frå eit konsertopptak i Færvik kyrkje på Tromøya, der Viddal og Aaserud spelar duo.
No er det norsk folkemusikk som står i sentrum, både sakral og profan. Det vil seia at repertoaret skifter mellom arrangerte salme-/folketonar og ein serie refleksjonar («Reflections» I–V) med skissemessige arrangement som utgangspunkt. Musikken forlèt aldri den meditative grunnstemninga, og arrangementa, som er gjorde kollektivt, er dynamiske og har alltid tanke for ensembleklangen.
Stemningane dei manar fram, kan vera både knuande og dystre, men det munnar alltid ut i melodisk vemod. Høgdepunktet er den pulserande «Reflections II» som raskt hintar mot «Det hev ei rosa sprunge». Denne salmen følgjer så i eit aldeles utsøkt arrangement. Dette er musikk for mørke kveldar.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Jazz
Mathilde Grooss Viddal:
Notre Dame – Meditations and Prayers
Mathilde Grooss Viddal, Bb-klarinett, bassklarinett, sopran- og tenorsaks; Hayden Powell, trompet; Børge-Are Halvorsen, tenorsaks; Øyvind Brække, trombone; Per Willy Aaserud, trompet og elektronikk. Losen Records LOS 245-2
Viddal held fram der ho slapp med Stabat Mater som kom i fjor. Hayden Powell på trompet erstattar fiolinisten Harpreet Bansal, elles er ensemblet det same. Musikken blei spelt inn i perioden 2013–2016. Besetninga på konsertbandet skifta gjennom desse åra, men kvartetten Viddal, Powell, Halvorsen og Brække gjorde ein del innspelingar i legendariske Rainbow Studio. Desse opptaka er supplerte med tre låtar frå eit konsertopptak i Færvik kyrkje på Tromøya, der Viddal og Aaserud spelar duo.
No er det norsk folkemusikk som står i sentrum, både sakral og profan. Det vil seia at repertoaret skifter mellom arrangerte salme-/folketonar og ein serie refleksjonar («Reflections» I–V) med skissemessige arrangement som utgangspunkt. Musikken forlèt aldri den meditative grunnstemninga, og arrangementa, som er gjorde kollektivt, er dynamiske og har alltid tanke for ensembleklangen.
Stemningane dei manar fram, kan vera både knuande og dystre, men det munnar alltid ut i melodisk vemod. Høgdepunktet er den pulserande «Reflections II» som raskt hintar mot «Det hev ei rosa sprunge». Denne salmen følgjer så i eit aldeles utsøkt arrangement. Dette er musikk for mørke kveldar.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.