Morgonsong
Alela Diane har laga plate om å verte mor.
Alela Diane gjer elegant bruk av motivkrinsen kring albatrossen.
Pressefoto
Albatrossen glir stadig inn i nye dikt og songar, og det er kanskje ikkje så rart? Stormfuglen med dei lange vengene er ein skapning som vel alltid må vere på veg inn i horisonten, høgt der oppe.
Eit majestetisk syn, vil somme seie, og kanskje var det ein slik tanke som fekk Peter Green til å komponere «Albatross» (1968), instrumentalen som sende Fleetwood Mac til topps på listene, ein låt som nyleg dukka opp i ein ugløymeleg sekvens i TV-serien Mindhunter.
Konseptplate
No har fuglen fått opningssporet på Cusp, den nye plata frå Alela Diane, ein artist som saktens veit å gjere elegant bruk av motivkrinsen rundt albatrossen. Det dreier seg om ein lengt etter å løfte seg høgt over landskapet og sjå framover, i staden for å sjå seg for mykje tilbake, på det ein har lagt bak seg.
«Albatross» er ein perfekt introduksjon til Cusp, for plata viser seg å vere ei konseptplate som nærmar seg eit stort tema: Det å få eit barn, og meir spesifikt, det å verte mor.
Alle mødrer er først døtrer, men det å verte mor inneber likevel alltid ein ny refleksjon over kva det vil seie å vere dotter. Sjeldan har vel denne erkjenninga vore meir gripande og direkte skildra enn i «Never Easy», ein song som med si direkte oppmoding viser korleis forholda mellom generasjonar vert spegla i kvarandre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.