Mor song

Erlend Apneseth Trio held fram med ei fascinerande, musikalsk reise.

Erlend Apneseths Trio har med seg Frode Haltli på det ferske albumet sitt.
Erlend Apneseths Trio har med seg Frode Haltli på det ferske albumet sitt.
Publisert

Vi har køyrt langs Jølstravatnet nokre gonger opp gjennom åra, men det har gjerne vore både grått og vått, så tiåringen undra seg nok over intensiteten og fargerikdomen då vi for noko sidan vart ståande ved «Priseld» (1914), eit av dei gjævaste Nikolai Astrup-måleria i KODE-samlingane i Bergen.

Visst gjer grønfargen godt for auga, men det er likevel vanskeleg å få blikket bort frå elden i det storslegne jonsokbålet bygdefolket har samla seg om oppe i liene høgt over vatnet, der somme utfaldar seg i dans og samvær, medan andre er fanga i einsemd og påtvinga kontemplasjon.

Urkraft

Astrup fekk ikkje vere med på slike feiringar, får alle som studerer måleriet i museet vite. Prestefaren var ikkje åleine om å assosiere hardingfela med sjølvaste djevelen, og instrumentet var forbode i norske kyrkjer fram til 1920-åra.

Folkemusikk, farleg? Verkeleg? Det kan ein vel forstå at ein tiåring tenkjer i dag, då det ikkje vil overraske nokon om våre fremste folkemusikarar, som til dømes jølstringen Erlend Apneseth og trioen hans, framfører musikk i våre finaste kyrkjebygningar.

Tette liner

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement