Moog mynta på alle på moder jord

Ei etterlengta nyutgjeving av eksperimentell easy listening med stueplanter som hovudmålgruppe.

Publisert

Mort Garson gav ut albumet Mother Earth’s Plantasia – warm earth music for plants… and the people that love them på eiga hand i 1976. Målgruppa for plata var, som undertittelen seier, planter – ja, vekstar – og distribusjonen var likeins ukonvensjonell: Dei fekk plata som kjøpte planter frå blomebutikken Mother Earth i Los Angeles eller bestilte madrass av merket Simmons frå forhandlaren Sears. Plantasia toppa dermed ikkje hitlistene, men seinare har ho, godt hjelpt av internettfenomen som YouTubes tilrådingsalgoritme, oppnådd kultstatus. No har plata blitt utgjeven på nytt for (offisielt) første gong.

Rundt 60-talet var Garson ein ettertrakta studiomusikar, dirigent, låtskrivar og arrangør, og han arbeidde mellom anna med easy listening-popartistar som Doris Day, Glenn Campbell og Ruby & The Romantics. Når 70-åra nærma seg, blei han introdusert for Robert Moog og den enorme, modulære analogsynthesizeren hans, og den musikalske produksjonen til Garson tok ein krapp sving inn mot det underlege med satiren The Wozard of Iz – An Electronic Odyssey (1968) og ei rekke eksperimentelle plater med esoterisk tematikk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement