Musikk
Monument over ein spelemann
Knut Hamre er ein lyrisk orientert fornyar av slåttespelet frå Hardanger.
Knut Hamre (f. 1952) er ein av våre høgst skatta hardingfelespelarar, både som tradisjonsforvaltar og svært omtykt lærar. Og han har ikkje vore redd for å samarbeida med ikkje-folkemusikarar.
På desse fire (!) CD-ane presenterer han utelukkande slåttar som har vore nytta i heimbygda Granvin, frå dei eldste me kjenner til, og til slutt: ein nykomponert springar av ein tidlegare elev, Alexander Røynstrand (f. 1990). Nokre har vore utgjevne på plate før, i ulike fasongar, men her er det berre solistisk spel, og systematikken i rekkefylgja – som for det meste er ordna etter slåttekjelder – gjev det heile preg av eit gedigent dokumentasjonsarbeid. Men samstundes er Hamre ein spelemann som set særpreg på sjølv dei enklaste slåttane. Hamre er kjend som det ein kan kalla – i mangel av eit betre ord – «kunstnarspelemann» (i motsetnad til «dansespelemann», til dømes). Likevel vert mange av slåttane framførte med ein sterk rytmisk energi.
Dei fysiske platene har fått plass bak permane i ei svært vakkert utført bok på 150 sider, der Benedicte Maurset har skrive fyldige kommentarar til musikken frå Granvin, og sambygdingen Ruth Lillegraven er representert med tre dikt som er inspirerte av folkemusikken og bygda.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.