Mjuk og kjenslevar soul
Thundercat uttrykker kjærleikssorg og aksept på ny plate.
Stephen Lee Bruner med artistnamnet Thundercat spelar òg i andre band.
Foto: Winslow Townson / AP / NTB scanpix
Den Los Angeles-baserte bassist og vokalisten Stephen Lee Bruner, betre kjend som Thundercat, er tilbake med eit nytt album. Plata, som heiter It Is What It Is, er produsert av artisten sjølv i samband med Flying Lotus, den nyskapande hiphop- og elektronikaprodusenten. Thundercat er elles kjend som bassist i punk- og metalorkesteret Suicidal Tendencies og på Erykah Badu-albumet New Amerykah frå 2008.
I likskap med den framifrå førre plata frå Thundercat, Drunk, er musikken på It Is What It Is ei stilmessig blanding av soul, funk, elektronisk dansemusikk, fusion og acid jazz. Med seg på laget har han prominente gjesteartistar som Childish Gambino, musikkartistnamnet til Donald Glover, som ein kan hende kjenner som skodespelar, til dømes i rolla som Lando Calrissian i Star Wars-filmen Solo, og saksofonisten Kamasi Washington.
Samanlikna med forgjengaren er denne utgjevinga hakket mjukare og meir kjenslevart i uttrykket – litt klissete, kunne ein nesten seie. Medan det leikne og humoristiske tilsnittet stadig er til stades her, opplever denne meldaren ikkje at plata er like proppfull av medrivande låtar som den førre plata.
Musikken her er mindre variert og vill, og medan It Is What It Is absolutt er verdt å høyre på dersom ein veit å setje pris på godt basspel og tighte grooves, er Drunk ein betre inngangsport for den som er ukjend med Thundercat.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.