Mjuk medisinindustrimusikk
Sega gjev ut ein dose sedativ sjukehusspelmusikk.
Strategispelet Two Point Hospital går ut på å byggje og drive eit privat sjukehus. Med enkle klikk gjer ein innkjøp av avansert medisinsk maskineri og hyrer personell som lækjer eksotiske sjukdomar som «light-headedness» (som gjer hovudet til lyspære) medan ein ser pengane rulle inn. No er musikken til spelet offisielt gjeven ut – utgjevaren, megaselskapet Sega, treng vel at fleire pengar rullar inn.
Det er tale om silkemjuk easy listening i klassisk Den rosa panteren-aktig hammondjazz-stil, ofte med bossa nova-rytmar og ekstremt diskré heismusikklydbilete. Det er fullstendig tannlaust og merkeleg roande. Somme hugsar kan hende midi-jazz-musikken i klassikaren Transport Tycoon. Dette er i same gate: Bakgrunnsmusikk med stor B og sedativ verknad.
Medan musikken er avslappande, er han svært uoriginal i sin mekanistiske appropriasjon av afro- og latinamerikansk musikk. Det ein driv med i sjølve spelet, er òg av luguber etisk karakter, særleg midt i ein pandemi parallelt med eit presidentkapplaup som har synt at trua på at ikkje alle er helsehjelp verdige i USA, sit katastrofalt djupt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.