Minimalisme ved peisen
Kari Rønnekleiv og Ole Henrik Moe har spelt inn plate framfor ein hyttepeis.
Ole Henrik Moe og Kari Rønnekleiv blandar samtidsmusikk og daglegliv.
Foto: Sofa
Samtidsmusikk
Sheriffs of Nothingness:
An Autumn Night at the Crooked Forest
Kari Rønnekleiv, fiolin; Ole Henrik Moe, bratsj
Sofa Music
Fiolinistane Rønnekleiv og Moe (som dessutan spelar bratsj og hardingfele av og til) er ein heilt unik duo. Med utgangspunkt i klassisk musikk og samtidsmusikk har dei tatt steget vidare, og dei dukkar stadig opp i andre samanhengar, som Motorpsychos storslagne rockeprosjekt, Jenny Hvals alternative pop, eller Torgeir Vassvik høgst personlege utgåve av «verdsmusikk».
Tett samspel
Men dette er den femte plata der duoen reindyrkar det tette samspelet på heilt eigne premissar. Spelet er prega av ein ekstrem form for minimalisme, der tette dissonansar vert dregne ut og endrar seg langsamt, gjerne ved gradvise endringar i overtonespekteret, og der kvar tone vert repetert i raskt tempo, tilsynelatande i det uendelege.
Dette kan kanskje synast dramatisk og påtrengande, men her er det ikkje snakk om poserande musikarar som på død og liv skal uttrykka seg ved hjelp av radikale og sjokkerande grep. Å lyda til musikken deira er snarare som å gå inn i ein tilstand der musikken vert ein del av kleda me har på oss, eller lufta me pustar i.
Grunnidé
Dette sambandet mellom lyd og omgjevnad er òg ein grunnidé for heile plata: Ho er spelt inn framfor peisen i ei lita hytte, og lyden frå peisen kan av og til høyrast. Dei fire satsane er i undertittelen definerte som «four fireplaces (in reality only one)». Partituret er med andre ord noko så uvanleg som fire utgåver av same peiselden.
Dette er musikk som utydeleggjer skiljet mellom komplisert samtidsmusikk og daglegliv. Det er musikk som for mange vil verka uvanleg, men som inviterer lydaren inn i ein musikalsk varme der lyd og kropp vert eitt.
SIGBJØRN APELAND
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
Trondheimstrioen har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.