Miljøpoeten Seglem
Heilskapen i prosjektet Oljelenkjer imponerer.
Karl Seglem kombinerer eigen musikk og poesi med illustrasjonar laga av Inger Lise Belsvik.
Foto: Ådne Dyrnesli
Åtte komposisjonar og like mange dikt og illustrasjonar utgjer det Seglem og Belsvik har kalla ei poesiCDbok. Musikarane fordeler seg på fire konstellasjonar, eller band, om ein vil. Den dominerande bolken er suiten i fire delar som ber tittelen Oljelenkjer, men eigentleg framstår dette som eit samla opus.
Komposisjonane kan med interesse lyttast til som frittståande instrumentalar, men det er i samanheng med tekstane at musikken for alvor kjem til sin rett. Seglem er kjent for å vera sjenerøs med studioklangen og kan laga mektige lydbilete. Her er det klanglege eit berande element.
Tekstane er ikkje dommedagsprofetiar. Seglem viftar ikkje med moralske peikefingrar. Tvert om. Seglem har dette Rolf Jacobsenske tvisynet – teknologi er fascinerande og skremmande, men iført den musikalske hamen blir uttrykket ofte overveldande dystopisk. Berre i «Skir» tek Seglem oss inn i den groovande varmen.
Banda leverer heile vegen, men det må vera lov å dra fram det arbeidet Hillestad har lagt ned i produksjonen – treffsikkert!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.