Middelhavsjul for Josh Rouse
Årets juleplate er signert The Holiday Sounds of Josh Rouse.
Josh Rouse bur i Valencia, og der er det dårleg med julesnø.
Pressefoto
Det er den tida på året, og også på desse sidene skal vi gi etter og leggje ei juleplate på bordet: The Holiday Sounds of Josh Rouse.
Den amerikanske artisten som for nokre år sidan busette seg i Spania, har sin eigen vri, men er ikkje redd for feel good-faktoren – dei ni songane på denne plata er elegante, lune og fulle av sjarm.
I eit intervju med Billboard fortalde Rouse tidlegare i haust om opphavet til albumet. Livet i Valencia har ikkje bydd på mange snøbyer, så for å komme i rett stemning har han kvart år laga ein julesong til familien. (Han er tobarnsfar.) I november i fjor samla han nokre musikarar og produsent Brad Jones, gjengen som var med på flotte 1972 (2003), i Nashville og laga The Holiday Sounds of Josh Rouse, som er hans trettande album.
Uhøgtidleg
Det er ikkje vanskeleg å trivast i selskap med desse songane. «Mediterranean X-Mas» formidlar fint julestemning i eit middelhavsland på det som nok er ein god dag for familien Rouse: Sola skin, det er berre å ta på seg flip-flops, snart er det siesta. I «Red Suit» dukkar nissen opp, og «New York Holiday» er ei nær, tilbakelent skildring av storbyjul i the big apple: «Gjer vi dette igjen neste år, skal eg passe på å ta med meg ein tjukkegenser», syng Rouse, «for no trur eg jammen at eg vert forkjølt».
Kanskje høyrest det banalt ut, men det kvardagslege preget er med på å gjere The Holiday Sounds of Josh Rouse til ei nedpå, uhøgtideleg høgtidsplate. Fleire av songane har fått eit smått jazza preg og nikkar til jazztradisjonen, anten det no er til Dave Brubeck eller til Nina Simone – sistnemnde vert direkte sitert i herlege «Lights of Town», med ekko frå «My Baby Just Cares For Me» (Walter Donaldson og Gus Kahn, 1930). Små, viktige grep som klokkespelet på «Sleigh Brother Bill» medverkar til å skape dei akkurat rette tonane. Rouse har ei stødig hand med referansar, det har han alltid hatt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.