Mest for blodfansen

Weather Report endevender repertoaret i eit opptak frå 1984.

Publisert

Det er sparsamt med informasjon om Live in London, men etter det musikkbladet Prog har funne ut, er det eit radioopptak frå ein konsert Weather Report hadde i London i 1984. Med andre ord er dette opptaket gjort mellom studioplatene Domino Theory og Sportin’ Life. Låtane er tidlegare gjevne ut på både studioplater og liveplater. Plata er såleis ein fin dokumentasjon på korleis jazzband utviklar – og til tider – endevender repertoaret sitt.

Dette er kanskje også det einaste aspektet som gjer denne plata viktig. Det er for mange og lange stunder med soloar som er like mykje for auga som øyra til at dette går inn blant Weather Reports ti på topp. Du skal vera meir enn gjennomsnittleg interessert i bandet om denne plata skal vera eit must.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement