JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Mest for blodfansen

Weather Report endevender repertoaret i eit opptak frå 1984.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1738
20200619
1738
20200619

Jazz/rock

Weather Report

Live in London

Wayne Shorter, saksofonar; Joe Zawinul, tangentinstrument; Victor Bailey, bass; Omar Hakim, trommer; Mino Cinélu og José Rossy, perkusjon. ANGEL AIR

Det er sparsamt med informasjon om Live in London, men etter det musikkbladet Prog har funne ut, er det eit radioopptak frå ein konsert Weather Report hadde i London i 1984. Med andre ord er dette opptaket gjort mellom studioplatene Domino Theory og Sportin’ Life. Låtane er tidlegare gjevne ut på både studioplater og liveplater. Plata er såleis ein fin dokumentasjon på korleis jazzband utviklar – og til tider – endevender repertoaret sitt.

Dette er kanskje også det einaste aspektet som gjer denne plata viktig. Det er for mange og lange stunder med soloar som er like mykje for auga som øyra til at dette går inn blant Weather Reports ti på topp. Du skal vera meir enn gjennomsnittleg interessert i bandet om denne plata skal vera eit must.

Høgdepunktet er ein røff og leiken instrumentalversjon av «Pocket Corner» der Bailey og Zawinul finn kvarandre. Den 14 minuttar lange Shorter-låten, som dei ikkje har teke seg umaken med å finna tittelen på, er åtte–ti minuttar for lang. Shorter har interessante ting å melda, men elles skjer det ikkje så mykje. Grooven som Hakim byggjer opp på «Where The Moon Goes», er det få som gjer han etter, men også her blir det for mykje langhalm. «Fast City» i eit frenetisk tempo er vel den andre låten som ikkje «tryglar» om redigering. Tvert om, den låten minner ein på kvifor dette bandet av mange er rekna som det beste uansett sjanger.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i Dag og Tid. 

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek  Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).

Foto: Ole Martin Wold / NTB

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

I rykk og napp

Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.

Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.

Foto: Wildside

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Roma – ein lukka by

Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis