Melodisk berg-og-dal-bane
Paul Meyer briljerer i Carl Stamitz’ konsertar frå klarinettens barndom.
Sjølv om klarinetten blei funnen opp kring år 1700, tok det nesten hundre år før han blei nytta på den måten me er vande med i dag. Den barokke versjonen av instrumentet blei nemleg brukt meir som ein trompet – ’trompet’ heiter clarino på italiensk, og diminutivforma clarinetto tyder ’liten trompet’. I klassisismen mot slutten av 1700-talet, derimot, då klarinetten var blitt vidareutvikla teknisk, oppdaga ein både dei lyriske og dei virtuose sidene ved instrumentet, noko som ikkje berre førte til at det fekk den faste plassen i symfoniorkesteret det framleis har, men òg at det fekk eit speleteknisk krevjande konsertrepertoar.
Slanke fiolinar
Når det gjeld sistnemnde, var Carl Stamitz ein viktig mann med sine elleve klarinettkonsertar frå mellom 1770 og 1790. Desse er den tyske stjerneklarinettisten Paul Meyer no i ferd med å spela inn saman med Kurpfälzisches Kammerorchester i sørtyske Mannheim. På det nyaste albumet får me – for fyrste gong på plate – konsertane nr. 4 til 6, som alle er i den klarinettvenlege tonearten B-dur.
Orkesteret spelar ikkje på originalinstrument frå Stamitz’ samtid, men legg seg imponerande nær klangen og spelestilen i epoken. Høyr berre på orkesterforspelet (ritornellet) til «allegro»-satsen i den fjerde konserten, der dei bråe dynamiske vekslingane som rokokkokomponistane elska, kjennest naturlege, og fiolinklangen er slank og vibratolaus.
Skjemtande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.