Melodikaren Johansen
Hedvig Mollestad tilfører Per Oddvar Johansens komposisjonar drama og dynamikk.
Per Oddvar Johansen på ein konsert med Joshua Redman på Nasjonal Jazzscene i 2018.
Foto: Tore Sætre / Wikipedia
Per Oddvar Johansen har vore på Fleinvær og lagt siste hand på i alt 13 komposisjonar som han var i Rainbow Studio og spelte inn sommaren 2017, sjølvsagt med Jan Erik Kongshaug bak spakane. Mest tre år har det teke å få plata ut. Stor takk til Odd Gjelsnes. Dette er nemleg musikk som fortener å bli høyrd av mange.
Høgt skatta
Johansen er ein høgt skatta medmusikant. Seks spellemannprisar har han medverka til. Når det gjeld utgjevingar i eige namn, er CV-en mykje kortare. Det er om lag på dagen fire år sidan Johansen gav ut Let’s Dance med Snekkestad og Lien. Då som no har Johansen skrive all musikk, og The Quiet Cormorant er ei påminning om at han har noko å fara med som komponist.
Låtmaterialet følgjer dels i fotspora til nemnde Let’s Dance. Johansen har sans for desse sorgmilde melodiane som ein finn fleire av her, til dømes «The Njalla Suite», «Island Movies» og den meditative og dynamiske «A Ballad in Popular Keys», men det røskar skikkeleg til i «Love, Peace & Currywurst». Å få med Mollestad på laget var ikkje så dumt. På tittellåten «The Quiet Cormorant» er han inne på eit komposisjonsspor han bør sjekka nærare ut.
Framifrå musikarar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.