Mellom komposisjon og improvisasjon

Jon Balke slår eit slag for den siviliserte offentlege samtalen.

Publisert

I ein liten mannsalder har Jon Balke, om han ikkje har vore med i andre sine prosjekt eller del av kollektivet Jøkleba, hatt ein tredelt karriere. Den eine delen har vore med dei store ensembla som Magnetic North og Siwan, den andre med perkusjonsensemblet Batagraf, og del tre har vore som solopianist.


Det gjekk ni år frå Book of Velocities (ECM, 2007) til oppfølgjaren Warp (ECM) var eit faktum. Heldigvis har Balke korta utgjevingsfrekvensen. Medan han i utgjevingane med dei store ensembla og Batagraf lar den pulserande grooven vera ein heilt sentral faktor, er det nærast motsett på soloplatene. Det er ikkje tilfeldig at han har kalla den nye plata Discourses. Den offentlege samtalen har blitt polarisert, meiner Balke, og dette er eit musikalsk innlegg som målber trongen for refleksjon og reell samtale.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement