JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Mellom komposisjon og improvisasjon

Jon Balke slår eit slag for den siviliserte offentlege samtalen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1666
20200508
1666
20200508

Jazz/
Samtidsmusikk

Jon Balke

Discourses

Jon Balke, piano og
elektronikk.
ECM 2648

I ein liten mannsalder har Jon Balke, om han ikkje har vore med i andre sine prosjekt eller del av kollektivet Jøkleba, hatt ein tredelt karriere. Den eine delen har vore med dei store ensembla som Magnetic North og Siwan, den andre med perkusjonsensemblet Batagraf, og del tre har vore som solopianist.

Det gjekk ni år frå Book of Velocities (ECM, 2007) til oppfølgjaren Warp (ECM) var eit faktum. Heldigvis har Balke korta utgjevingsfrekvensen. Medan han i utgjevingane med dei store ensembla og Batagraf lar den pulserande grooven vera ein heilt sentral faktor, er det nærast motsett på soloplatene. Det er ikkje tilfeldig at han har kalla den nye plata Discourses. Den offentlege samtalen har blitt polarisert, meiner Balke, og dette er eit musikalsk innlegg som målber trongen for refleksjon og reell samtale.

Plata er sett saman av 16 korte musikalske stemningsbilete som ligg i grenseland mellom det komponerte og det improviserte. I tillegg til å nytta eit breitt spekter av klavertekniske verkemiddel legg han diskret på elektronisk musikk, eller elektronikken tek over for klaveret. Innimellom syner Balke temperament, men oftast er det refleksjonen og kontemplasjonen som rår. Balke har ikkje laga programmusikk, men han stimulerer til spanande assosiasjonar med titlar som «The oppostition», «The deliberation» og «The third afterthought». Jon Balke argumenterer overtydande.

Lars Mossefinn

Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis