Mektig, fritt og melodisk

Thomas Johansson set Scheen jazzorkester på nye prøvar.

Publisert

Jazz

Det har ikkje gått meir enn vel eit halv år sidan førre utgjeving med bandet, og her er dei på igjen. Denne gongen er det trompetar og komponist Thomas Johansson sin tur, og nok ein gong skil musikken seg markant frå dei seks forgjengarane sine.

Thomas Johansson er kjent for jazzinteresserte flest gjennom band som Cortex, Friends & Neighbors og Paal Nielsen-Loves Large Unit. I fjor gav han til og med ut solotrompetplata Home Alone. Ein mann med mange jarn i elden, med andre ord. Storbandmusikken hans er sjølvsagt prega av ståstaden hans i frijazzen eller avantgardjazzen. Store band som Johansson truleg har lånt øyre til, er Chris MacGregors Brotherhood of Breath, Alex von Schlippenbachs Globe Unity, Italian Instabile Orchestra og Charlie Hadens Liberation Orchestra.

Musikken er ei herleg blanding av ein mektig ensemblesound, korte sekvensar med fri improvisasjon, gjerne i form av samtale mellom to instrument, og meir konvensjonelle improvisasjonsstrekk. Stundom kan melodilinja bli framført i ein fri rytmisk samanheng («No Longer Gage» og «Some Kind of Closure») eller halda seg ganske fritt til eit bastant rytmisk fundament («Anthem for The Uneasy»). Johansson har heile tida fokus på melodistemma som er der som dreiemoment uansett kor utbroderte arrangementa blir.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement