Meir enn ein singel, mindre enn ei plate

Kurt Vile og Yo La Tengo byr på ein handfull nye songar kvar.

James McNew, Ira Kaplan og Georgia Hubley i Yo La Tengo har valt å spele både eigne låtar og coverlåtar på den nye EP-en.
James McNew, Ira Kaplan og Georgia Hubley i Yo La Tengo har valt å spele både eigne låtar og coverlåtar på den nye EP-en.
Publisert

Rock

Det kan som kjent vere ei gåve ikkje å hugse somme av dei hendingane vi kjem ut for i løpet av livet, men denne ettertrakta gløymsla kjem av openberre grunnar ofte i skuggen av nostalgien, der vi oppsøkjer og hentar fram kjære minne.

Kanskje nett difor tok John Prine, som vart teken av pandemien og gjekk bort i april, tak i denne gåva i 1979, i songen «How Lucky», som fekk plass på plata Pink Cadillac. Anger og blindsoner – å seie noko viktig om det krev ein låtskrivar av format, og Prine var ein slik. Han henta songen fram igjen for eit par år sidan, i Amazon Music-serien «Produced by». Og no er «How Lucky» å høyre, igjen, på ein EP frå Kurt Vile, Speed, Sound, Lonely KV, i ein duett med Prine.

Eg vil tru ei tåre dukkar opp i ein og annan augekrok. Det gjer godt å høyre Prine, igjen.

EP-format

Ikkje alle veit at omgrepet EP står for «extended play», noko som kanskje kan verke litt forvirrande, sidan det ikkje dreier seg om ei plate med forlengd speletid, men snarare ei utgiving som inneheld mindre enn ein LP, som jo står for «long play». For singelen, med sine to songar over to sider, representerte EP-formatet i si tid likevel lengre speletid, og plateselskapet RCA brukte det mellom anna til å lansere Elvis Presley utover 1950-åra.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement