Medrivande ørkenmusikk

Syrisk artist er ute med ny dabke- og techno-blanding.

Publisert

Omar Souleyman er songar og bonde frå Syria, for tida i eksil i Tyrkia. Han har gjeve ut mykje musikk, nærare bestemt omtrent fem hundre utgjevingar. Mange av dei er opptak av det Souleymans har spelt i bryllaup, som gåve til brudeparet, for deretter å bli kopiert på kassett og selt i ymse kioskar. Shlon er derimot eit studioalbum og nummer to på plateselskapet Mad Decent. Namnet kan omsetjast med «avsindig anstendig», der elektronikaprodusenten Diplo løfter fram moderne stilartar som er mindre kjende her i den vestlege verda.

Souleyman blandar dabke, ein type dansemusikk frå Levanten, med techno. Den tungt spretne grunnrytmen er ofte ganske lik den jamaikanske sjangeren dancehall og latinamerikansk reggaeton. Det gir svært innbydande impulsar til rytmisk rørsle medan i stor grad syntetiserte ørkeninstrument flittig klatrar opp og ned på den arabiske skalaen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement