Medrivande nettkonsertar

Sampa The Great er aktiv på internettlivefronten med ymse bandkonstellasjonar.

Publisert

No i koronatida er det som kjent ikkje berre berre å oppleve livemusikk i levande live. Heldigvis eksisterer vi i internettalderen, slik at ein via elektroniske apparat har tilgang til enorme mengder kunst og kultur når og kvar ein vil. Ofte gratis, dessutan.

Ein artist som har vore svært aktiv når det gjeld livekonsertar på internettet dei siste månadene, er Sampa The Great. På YouTube-kanalen hennar har det i løpet av tre månader blitt publisert fire minikonsertar, og i den siste tok den Melbourne-baserte artisten turen til moderlandet sitt, Zambia. Konserten gjekk av stabelen i høvet Black August, ein månad vigd til historia til den svarte motstandsrørsla, og dei donasjonsbaserte inntektene gjekk til familiane og fridomskampanjane til politiske fangar i Sambandsstatane.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement