JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Musikk

Medrivande nettkonsertar

Sampa The Great er aktiv på internettlivefronten med ymse bandkonstellasjonar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1855
20200925
1855
20200925

Hip hop / soul

Sampa The
Great:

Live Performance: Black August

YouTube

No i koronatida er det som kjent ikkje berre berre å oppleve livemusikk i levande live. Heldigvis eksisterer vi i internettalderen, slik at ein via elektroniske apparat har tilgang til enorme mengder kunst og kultur når og kvar ein vil. Ofte gratis, dessutan.

Ein artist som har vore svært aktiv når det gjeld livekonsertar på internettet dei siste månadene, er Sampa The Great. På YouTube-kanalen hennar har det i løpet av tre månader blitt publisert fire minikonsertar, og i den siste tok den Melbourne-baserte artisten turen til moderlandet sitt, Zambia. Konserten gjekk av stabelen i høvet Black August, ein månad vigd til historia til den svarte motstandsrørsla, og dei donasjonsbaserte inntektene gjekk til familiane og fridomskampanjane til politiske fangar i Sambandsstatane.

I juni sleppte Sampa The Great eit konsertopptak med eit Melbourne-basert backingorkester, og i dette tilfellet var det særleg sterkt å sjå og høyre dei multietniske musikalske makkerane hennar stemme i med knyttneven i vêret under refrenget til låta Final Form: «Black Power!» På Black August-konserten, som inkluderte kjende låtar som denne, i tillegg til premieren på den nye songen This Is The Light, hadde ho med seg eit fullstendig zambisk personskap. Det er forvitneleg kor friskt låtmaterialet høyrest ut når det blir framført av forskjellige musikarkonstellasjonar. I Africa Day Performance-konsertopptaket i mai opptredde ho til dømes saman med berre to koristar og minimalt, rhodes- og percbasert komp. Sampas musikalitet er enorm, og dessutan er scene- og kostymedesignet eit syn for såre augo.

Rasmus Hungnes

Rasmus Hungnes er kunstnar, rytmedoktor og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis