Med teksten i sentrum

Tore Johansen + Knut Hamsun = sant

Publisert

I oktober 2018 gjorde Tore Johansen opptak i NRK-studioet i Stavanger med Per Ravnaas bak miksebordet. I tillegg til å ha ein av Noregs fremste lydteknikarar på laget, såg Johansen sitt snitt til å få med ein av dei fremste vokalistane i norsk jazz, Eva Bjerga Haugen.

Johansen har sans for gode tekstar og har førebudd denne plata grundig. Han har plukka dikt av Tor Jonsson, Knut Hamsun og Inger Hagerup. Alle tekstane er på norsk. Såleis er dei to Tomas Tranströmer-dikta gjendikta av Jan Erik Vold, Trygve Valøy har gjendikta to Rupert Brooke-dikt og sjølv har Johansen gjeve «A minor bird» av Robert Frost norsk språkdrakt.

Haugen har ei eiga evne til å kombinera tekstformidling med ein krystallklar tone og ei minimalistisk frasering. Ho synte det på plata Hun som kjenner tristheten ved ting med Ketil Bjørnstad, og like overtydande er ho her. Saman med resten av bandet er ho på sitt absolutt beste i Hamsuns «Hvad suser i natten?»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement