Med Synthia i hendene

Cecilie Anna følgjer opp det sterke debutalbumet frå 2017.

Cecilie Anna då ho spelte på Dulcimer Bar i Chorlton, ein forstad til Mancester.
Cecilie Anna då ho spelte på Dulcimer Bar i Chorlton, ein forstad til Mancester.
Publisert

Kva skal til for at eit nytt album skal få ein skikkeleg god start? Jau, sjølvsagt må det vere at opningssporet ryddar alt anna av bordet og gjer krav på di fulle merksemd som lyttar: «Her er eg, høyr på meg!»

Og det er nett det som skjer med New Bird, det nye albumet frå Cecilie Anna. «Follow You» trår varsamt heilt først og kjem listande på deg med nærast liturgisk ro, heilt til vokalisten hevar røysta og med stor effekt ber bod om at kvelden veiknar, og natta fell på.

Det skjer med ei overrumplande, insisterande kraft, og i den krafta ligg det nærast ein estetisk risiko, ikkje minst fordi lyttaren deretter vert teken med heilt ned, til noko lågmælt, ei kviskrande, trøystande røyst som kjem desto tettare på. Er du ikkje med då, har du ikkje lytta godt nok.

Uvanleg gåverik

Slik er altså vegen inn i oppfølgjaren til I’m Here (2017), som det er fleire enn meg som har venta på. Debutalbumet frå Cecilie Anna Rønhovde gjorde det tydeleg at vi hadde med ein uvanleg gåverik og særeigen komponist, tekstforfattar og vokalist å gjere.

Den gongen gjorde eg eit poeng ut av at det heile var så dempa og nedpå, så elegant minimalistisk, og at materialet var så sterkt at det likevel tolte det. Slike som meg spekulerer ofte i kunstnarlege strategiar og kva dei botnar i, men må rett som det er innsjå at visse estetiske val viser seg å vere gjort av grunnar som er av meir pragmatisk art, og som kan ha opphav i litt tilfeldige hendingsrekkjer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement