Med naturen som råstoff

Isungset samanfattar år med forsking på naturens klangunivers.

Publisert

Sildrande var tingingsverk til Vossa Jazz i 2017. Verket er spelt inn året etter på Verftet i Bergen. Også her er Isungset trufast mot det kunstnarlege prosjektet sitt som han har hatt gåande i fleire tiår. Lyden av stein, tre og vatn, i fast eller flytande form, er eit berande element i all musikk han har laga i dette tusenåret og endå lenger attende.

Har ein vore i vedskog eller lødd tørrmur, har ein eit intenst forhold til Isungsets lydunivers, og har ein vandra ein del i fjellet, er lyden av rennande/sildrande vatn, slik Isungset brukar det, eit samanhengande déjà vu. Lytt til låten «Turke», det einaste opptaket frå urframføringa som er med på plata, og du ser poenget. Det musikalske universet til Isungset har ei intim tilknyting til det stofflege. I denne samanhengen er Isungset for musikken det Olav H. Hauge var for poesien.

Det andre beinet musikken er tufta på, er folkemusikken. Det er ikkje tale om å gjera eigne versjonar av tradisjonsmateriale, men å finna essensen i estetikken. Sist, men ikkje minst kan Isungset med det enkle instrumentet munnharpe skapa groovar som Fela Kuti og James Brown kunne ha vedkjent seg. I sum blir dette særmerkt og engasjerande musikk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement