Med eleganse og autoritet

Rigmor Gustafsson pustar liv i mainstreamglørne.

Publisert

Etterveksten etter vokaldronninga vår, Karin Krog, har vore meir markant enn ditto på svensk side av grensa med Monica Zetterlund som leiestjerne, men frå tid til anna blir ein mint om at det faktisk står ganske bra til på andre sida av kjølen – seinast med Rigmor Gustafssons siste på tyske ACT.

Mest sjølvlaga

Ein må attende til 2014 for å finna førre Gustafsson-utgjeving, When You Make Me Smile. Ho har ikkje hatt det travelt. Eitt av resultata er at plata inneheld eit knippe særmerkte komposisjonar av Gustafsson og medkomponistar/tekstforfattarar som har jobba med henne på tidlegare produksjonar. Ny samarbeidspartnar er Andreas Mattsson som har skrive tekst til tre av låtane. Sjølv om planen var å spela inn berre sjølvlaga stoff, har Gustafsson heldigvis gjort tre unnatak, «Big Yellow Taxi», «Twist in My Sobriety» og «Wuthering Hights». På dei to første set Gustafsson eit tydeleg bumerke.

Stålkontroll

Tekstane i den heimehekla delen av materialet står i ein Tin Pan Alley-tradisjon og er for det meste fort gløymde, men musikken og musiseringa har langt større slitestyrke. Dei fire hovudmusikarane har jobba saman i mange år. Dynamikk og arrangementsdetaljar har dei stålkontroll på. Pianotrioen går aldri i vegen for vokalen, men Östholm slepper til som solist fleire gonger, og det er utan unnatak eit pluss for plata.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement