Mathisens låvebrygg

Rural Tapes er ute, og det er ei storhending musikkvåren 2021.

Arne Kjelsrud Mathisen er mannen bak Rural Tapes.
Arne Kjelsrud Mathisen er mannen bak Rural Tapes.Arne Kjelsrud Mathisen er mannen bak Rural Tapes.
Publisert

Rock/instrumental

Idet «Pardon My French», som ein vel må kunne kalle nøkkelsporet på det nye albumet Rural Tapes, strøymer ut i stoverommet, stoppar alt opp. Berre prøv sjølv. Og så, eit par minutt uti, dukkar Terry Edwards opp med saksofonen, og låten løftar seg endå eit par hakk. Wow!

Bak namnet Rural Tapes finn vi Arne Kjelsrud Mathisen, som for fleire lesarar vil vere kjend frå Mirror Lakes, I Was A King, Heroes & Zeros og ikkje minst The No Ones (med Peter Buck og Scott McCaughey). At det vert peika til det rurale i artistnamn og platetittel, har nok å gjere med at Rural Tapes er spelt inn på eit gammalt småbruk i Grimstad, dit Mathisen fann vegen med studioet sitt i 2014.

Virtuost Stortalent

Det dreier seg om ei smart relokalisering i takt med tida vi lever i. (Eller kanskje Mathisen var litt i forkant.) I eit intervju med Fædrelandsvennen kan han fortelje at han fekk plass til alle instrumenta han skaffa seg då dollaren stod lågt i kurs. Det er ikkje få, og fleire av dei tek han i bruk på Rural Tapes.

Mathisen er eit av desse virtuose stortalenta som berre kan brygge på i laboratoriet sitt, kvar det no måtte vere, og lage ein fri musikk med impulsar frå fleire tradisjonar og epokar utan at det endar opp i ein lapskaus utan eigenart og identitet. Teknologi og infrastruktur har gjort det mogleg å lage musikk for eit internasjonalt publikum kvar som helst.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement