Mathisens låvebrygg
Rural Tapes er ute, og det er ei storhending musikkvåren 2021.
Arne Kjelsrud Mathisen er mannen bak Rural Tapes.
Foto: Vidar Landa
Rock/instrumental
Rural
Tapes:
Rural Tapes
Smuggler
Idet «Pardon My French», som ein vel må kunne kalle nøkkelsporet på det nye albumet Rural Tapes, strøymer ut i stoverommet, stoppar alt opp. Berre prøv sjølv. Og så, eit par minutt uti, dukkar Terry Edwards opp med saksofonen, og låten løftar seg endå eit par hakk. Wow!
Bak namnet Rural Tapes finn vi Arne Kjelsrud Mathisen, som for fleire lesarar vil vere kjend frå Mirror Lakes, I Was A King, Heroes & Zeros og ikkje minst The No Ones (med Peter Buck og Scott McCaughey). At det vert peika til det rurale i artistnamn og platetittel, har nok å gjere med at Rural Tapes er spelt inn på eit gammalt småbruk i Grimstad, dit Mathisen fann vegen med studioet sitt i 2014.
Virtuost Stortalent
Det dreier seg om ei smart relokalisering i takt med tida vi lever i. (Eller kanskje Mathisen var litt i forkant.) I eit intervju med Fædrelandsvennen kan han fortelje at han fekk plass til alle instrumenta han skaffa seg då dollaren stod lågt i kurs. Det er ikkje få, og fleire av dei tek han i bruk på Rural Tapes.
Mathisen er eit av desse virtuose stortalenta som berre kan brygge på i laboratoriet sitt, kvar det no måtte vere, og lage ein fri musikk med impulsar frå fleire tradisjonar og epokar utan at det endar opp i ein lapskaus utan eigenart og identitet. Teknologi og infrastruktur har gjort det mogleg å lage musikk for eit internasjonalt publikum kvar som helst.
Konstellasjonar og samarbeid har ført nokre viktige samarbeidspartnarar inn i plateprosjektet og fått ein avgjerande innverknad. Alexis Taylor (Hot Chip) dukkar opp på Rhodes-piano på eit par spor, McCaughey er med, Rodri Marshden (Scritti Politti) er med på sag (!), og sist, men verkeleg ikkje minst må ein vel altså kunne seie at Edwards (Tom Waits, PJ Harvey) stel showet når han finn fram saksofonen på «Reddal» og tittelsporet.
Med unntak av at ein bassist og ein strykar har vore innom låven, har det musikalske samarbeidet gått føre seg digitalt, lag for lag. Mathisen har styrt det heile, som maestro, komponist og multiinstrumentalist, og trakterer tangentar av alle tenkjelege slag (orgel, synth, piano, pianet, würlitzer), trommer, trommemaskiner, perkusjon, programmering, vokal, tuba, gitarar, siter og nokre feltopptak. (Sjå om du ikkje kan høyre fuglesongen.) Det er hans musikalske visjon som fører fram til Rural Tapes, men så har han likevel ønskt å late gjestane han inviterer inn, få styre eit og anna i nye retningar.
Dermed høyrer vi ekko frå R.E.M. og nydelege Reveal (2001) på det eine sporet McCaughey syng på (og har skrive teksten til), «Lost in Sound», men sjølv om sporet går plettfritt inn i heilskapen, kjenneteiknar det ikkje Rural Tapes, som i all hovudsak er eit instrumentalalbum som herjar i sjangerlandskapet der ein høyrer ekko frå den klassiske musikktradisjonen, jazzen, ei heil rekkje lydspor til ulike filmar, og, herleg nok, krautrocken.
Fine detaljar
Dette albumet er fullt av fine detaljar. Når Josh Kantor dukkar opp på akkordeon på «The Observer», er det som om alle dei sørgeleg stengde fortauskafeane i Paris opnar igjen. Songen vert følgd opp av «Opus 13», som med det skakke pianoet sitt vert Mathisens nikk til Chopin og pianotimar i barndomsåra.
Det er ein eksplosiv mikstur, og for meg er denne utgivinga ei storhending musikkvåren 2021. Om den kommersielle musikkindustrien medverkar til ei einsretting og stadig prøver å definere ein ny hovudstraum, minner Rural Tapes oss om at det verkelege eventyret finst ein annan stad.
Skjer det ikkje snart no? Vi opnar opp, løftar glasa, og musikken strøymer ut i stover og kjøkken, ut på verandaer og tun. Men det er på den kulaste festen at nokon får på Rural Tapes.
Rural Tapes kjem ut fredag 30. april.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
Ruslan Gorovij sender pengane han tener som artist, heim til Kyiv, der vener kjøper vedlass til ukrainarar som treng varme i vinter.
Foto: Ukrainian online sales
Eit nytt lovframlegg som legg opp til at det skal bli straffbart å selje ulovleg hogd skog, vil ikkje minst råke folk i øydelagde hus.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.