Måtehald og eleganse
Tekst og songstemme er viktigast i musikken til Asbjørn Ribe.
Asbjørn Ribe er både minimalistisk og humoristisk på tredje plate under eige namn.
Foto: Julia Nagelstad
Viser
Asbjørn Ribe:
Blått & grønt og gult
Skipop Records / Altenburg skivbolag
Asbjørn Ribe har i mange år sysla med engelskspråkleg pop/rock, mellom anna som medlem av Number Seven Deli og Jim Stärk. Men dei siste ti åra har han sunge på norsk, og dette er hans tredje plate under eige namn.
Tematikken dreier seg rundt det nære og kvardagslege, som mellommenneskelege relasjonar og det daglege strevet med å leva eit vanleg liv utan at det vert kaotisk. Velkjend tematikk. Men det som skil tekstane til Ribe frå den store mengda av rimsmedar som tykkjer synd i seg sjølv, er det språklege måtehaldet. Han nyttar ikkje fleire ord enn høgst nødvendig; «Blått og grønt og gult er fargene/ Jeg trenger for å tegne dagene». Men av og til er han dristigare: «Skal jeg korsfestes vil jeg henge/ Med god utsikt på en topp/ Men her er flatt og ingen høyder/ Så jeg må jobbe hardt før jeg kan spennes opp. Jeg må bære stein.»
Naivistisk
Det er noko minimalistisk og naivistisk over framføringane hans. Songen er temmeleg «rett fram», utan artistiske verkemiddel, og han syng jamvel småsurt av og til, utan at det – som det meste av dagens vokalproduksjon – er retusjert ved hjelp av autotune. Eg mistenker jamvel Ribe for å varsamt overdriva dette, som eit musikalsk verkemiddel som gjer lydaren tillitsfull og open.
For Ribe er ikkje berre poet og songar. Medan dei fleste visesongarar held eit godt grep om gitaren og byggjer opp songane rundt nokre trygge og velkjende grep, er det pianoet som er instrumentet til Ribe. Songane er ofte bygde opp rundt nokre få akkordar som vert repeterte, men nyansar i instrumentering og koring gjer at det likevel vert dynamisk.
Humoristisk
Ribe avslører seg som ein musikar med humoristisk sans når han syng «Amoll, G, F og E7 av og til/ spiller jeg forsiktig på gitaren min», medan han spelar heilt andre akkordar på piano. I tillegg til vanleg piano vert det nytta ymse eldre elektromekaniske klaviatur – mellom andre Wurlitzer og Clavinet – og orgel. Saman med akustiske gitarar og delikat bruk av fiolin/bratsj og treblås får produksjonen ein fin balanse mellom 70-talsnostalgi, kammermusikk og sørlandsk visestemning.
Dette er ei tilsynelatande enkel plate både når det kjem til tekst og produksjon, men det er nye, elegante detaljar å oppdaga for kvar gong ein lyder.
Sigbjørn Apeland
Sigbjørn Apeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Sofi Oksanen er av dei forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.
Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons
Vald mot kvinner som våpen
Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.
For Balázs Orbán, som er politisk rådgjevar for statsministeren, er jobben å halda fast ved dei langsiktige måla til regjeringa mellom alle dei mindre og større oppgåvene i kvardagen.
Foto frå heimesida til Orbán Balázs i regjeringa
Verda ifølgje Orbán
BUDAPEST: I ei ny bok fortel ideologen til Viktor Orbán korleis Ungarn vil utfordra den liberale verdsordninga. Weekendavisen har møtt han.
Gjengkrim – ein varsla katastrofe
Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.