Maskinpoesi

Nedstemte lydkollasjar fylte av ymse stemmer.

Publisert

«To fall in the void as I fell: none of you knows what that means.» Slik startar Ivo Calvinos The Form of Space, ei beskriving av ei retningslaus ikkje-reise gjennom det totalt referanselause tomrommet, og det er det svimlande gapet som står på dagsordenen her òg: Den Montreal-baserte fransk-britiske artisten Jean Cousin var tidlegare kjend under artistnamnet johnny_ripper, men skifta til det meir kjønnsnøytrale og mindre seriemordaraktige Joni Void i høve albumet Selfless frå 2017. No er oppfølgjaren ute, og det er ein voiden affære.

Voident, eit nyord lansert av norrønfilolog Eirik Storesund, vert brukt til å skildre opplevinga av biletteknikken Mise en Abyme – det å plassere eitt eller fleire bilete av det store biletet inn i sjølve biletet på sjølvrefererande, gjerne svimlande vis, slik som på dei gamle Salte Bjørner-dropseskene eller omslaget på denne plata. Her ser vi hovudet til artisten representert inni hovudet til artisten og så vidare.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement