Maskinell menneskemusikk
Tresor kjem med ei tidsriktig nyutgjeving av klassisk Detroit–Berlin-kombinasjon.
Elektronisk
3MB feat. Magic Juan Atkins:
3MB feat. Magic Juan Atkins
Tresor
Disko blei til house i Chicago, men teknoens opphav er mindre kjent. Grovt sett er det tale om ei transkontinental utveksling som starta tidleg på 80-talet. Musikarar i Motown-byen Detroit, deriblant Juan Atkins, blei inspirerte av Kraftwerks kalde maskinmusikk og George Clinton-funk, og tok til å lage musikk med trommemaskiner og synthar.
Interessa for Detroit-tekno var større i Europa enn i USA, og mange av artistane blei etter kvart aktive i Berlin, til dømes på det segnomsuste plateselskapet og undergrunnsklubben Tresor, som feirar 30 år i år. Til høvet har dette samarbeidsprosjektet frå 1992 mellom Atkins og Berlins Moritz von Oswald and Thomas Fehlmann blitt utgjeve på nytt, og det læt stadig svært friskt. Dette er kompleks, grensesprengjande, djup, fri, medrivande, varm og menneskeleg maskinmusikk, der funk og kosmisk krautrock blandar seg med sci-fi-filmmusikk og jazz.
Den siste tida har eg med lengsel sett på opptak av klubbkveldar fylte med lukkelege dansarar i mindre virusprega delar av verda. Her heime var berbare lydsystem og distansedanseglade føter å sjå i parkane så snart sumarsola dukka fram. Saknet etter ein god, grenseoppløysande rave har vore minst like stort som etter andre former for levande kultur, men klubbmusikk er stadig undervurdert.
3MB feat. Magic Juan Atkins er godt eigna til å knuse myten om at tekno er enkel og banal musikk: Lytt til dømes på sporet «Jazz is the Teacher» og hugs at denne musikken kom ut fem år før nu-jazz-albumet Khmer av Nils Petter Molvær, som i nyare tid har samarbeidd med von Oswald. Inspirasjonen går alle vegar.
Rasmus Hungnes
Rasmus Hungnes er kunstnar, musikar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fekk ikkje plass til alt
– Det er ikkje vår oppgåve å drive med polemikk. Vi har levert eit fagleg arbeid, seier kommunikasjonsdirektør Ola Anders Skauby i Sokkeldirekoratet.
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Michael Keaton er attende i den ikoniske rolla som Beetlejuice.
Foto: Warner Bros. Discovery
Beetlejuice Beetlejuice: Nesten dødsfestleg
Sjølv om det er eit gledeleg gjensyn, saknar eg snerten.