Maskespel
Bob Dylan rettar søkjelyset mot den mest kunstnarleg vellukka turneen sin.
Frå venstre Roger McGuinn, Joni Mitchell, Richi Havens, Joan Baez og Bob Dylan då dei spelte saman den siste kvelden i The Rolling Thunder Revue-turneen i desember 1975.
Foto: AP Photo / NTB scanpix
Då eg ein gong i studietida i midten av 1990-åra kom over ei bibliotekutgåve av Sam Shepards The Rolling Thunder Logbook (1977), skjøna eg kor sjeldan førsteeksemplaret var, og eg fann raskt vegen til ei kopimaskin og kopierte opp heile skiten. Drøymande studerte eg forfattarens kaotiske skildring – og fotografi – av Bob Dylan og (det stadig veksande) reisefølgjet han tok med seg på den skranglete, eventyrlege turneen i midten av 1970-åra, ei konsertrekkje eg fantaserte om å kunne lytte til, for etter mitt syn var artisten då på sitt beste, rett etter Blood on the Tracks (1975), og like før Desire (1976).
Gnistrande opptak
Berre glimt eksisterte frå turneen som fekk namnet The Rolling Thunder Revue på denne tida – gnistrande opptak av enkeltsongar som «It Ain’t Me Babe» og «Isis» gav meg hakeslepp. Då NRK våren 1991 slo til med ei TV-feiring av Dylans 50-årsdag, herleg leia av Jan Erik Vold, var eit opptak der Dylan med kvit ansiktsmåling framførte ein intens, nærgåande versjon av «Tangled Up in Blue» mellom høgdepunkta, og eg forstod raskt at det måtte stamme frå The Rolling Thunder Revue. Det var jo klart at desse haustkveldane i 1975 måtte ha vore magiske.
Og det var og er dei, stadfestar den omfattande dokumentasjonen som no er her med The Rolling Thunder Revue: The 1975 Live Recordings, som samlar fem heile konsertar, øvingsopptak og enkeltopptak over 148 spor på til saman 14 CD-plater. Wesley Stace har skrive eit nytt essay, og som om ikkje alt dette var nok, er ein film om turneen rett rundt hjørnet, regissert av Martin Scorsese, med premiere på Netflix neste veke.
Braut ny grunn
Eg ønskjer det velkomen, alt saman. Med Rolling Thunder-turneen braut Dylan ny grunn på så mange måtar, og prosjektet var ikkje utan risiko. Med ein flokk vener la han ut på tur og spelte maratonkonsertar på til dels obskure småplassar. Ei viktig drivkraft var den teatralske innramminga av alt som gjekk føre seg både på og bak scenen. Dylans karriere har alltid vore eit maskespel, og her verka dette eksplisitt, i ei iscenesetjing med mange botnar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.