Marsj mot skafottet
Av Berlioz’ Symphonie fantastique finst det mange gode innspelingar, men den til Anima Eterna er mest makaber.
Den franske komponisten Hector Berlioz (1803–1869), fotografert i 1863.
Ludwig van Beethovens niande symfoni, den såkalla «Korsymfonien» frå 1824, markerer eit brot med den reint instrumentale symfoniforma slik me kjenner henne frå Haydn og Mozart. Han hadde nemleg utvida, ja, sprengt forma ved å inkludera kor og songsolistar. Å skriva ein symfoni etter dette var difor som å hoppa etter Wirkola. Symfonien var i krise – hadde han i det heile ei framtid?
Ja, meinte den unge franskmannen Hector Berlioz, som med Symphonie fantastique frå 1830 fann sin eigen veg ut av uføret. Verket danna skule for ein heil generasjon romantiske komponistar.
Instrumentalt drama
Vegen til Berlioz, som i stor grad var sjølvlært i komponisthandverket, gjekk ut på å kombinera litteratur og instrumentalmusikk på ein ny måte. Også Beethovens «Korsymfoni» hadde tekst, nemleg Schillers «Ode til gleda». Men Berlioz’ symfoni er meir eksplisitt – han la til grunn eit detaljert program for musikken, ei historie som i prenta form blei delt ut til konsertpublikumet.
Den fulle tittelen på dette instrumentale dramaet er Épisode de la vie d’un artiste, symphonie fantastique en cinq parties (Episode frå livet til ein kunstnar, fantastisk symfoni i fem delar). Her møter me ein ung kunstnar som overfører førestillingane sine om idealkvinna på ei temmeleg tilfeldig vald jente. Dette er sjølvsagt ei sikker oppskrift på trøbbel, og gjennom ein dryg dose opium går mannen frå vitet – han drøymer at han drep kvinna han elskar, for så sjølv å bli avretta i giljotinen. Det heile endar i ein heksesabbat der både den myrda og mordaren tek del.
Grotesk klokkeklang
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.