Månen tur-retur
Sommarens månejubileum baud også på ny musikk frå Brian Eno.
Brian Eno lagar musikk for oss i tid og rom.
Foto: NTB scanpix/BBC
Det har vore ein sommar i månens teikn. Ikkje berre fordi det kvite skinet lyser opp mang ei varm, mørk natt, akkurat når morgonen ikkje treng å komme i gong for tidleg. Eg tenkjer sjølvsagt på jubileet som i midten av juli skein frå alle skjermflatene som i 2019 gir skiva på kvelven alvorleg konkurranse om merksemda når sommarkvelden går mot natt.
Apollo
At det har gått eit halvt hundreår sidan Apollo 11-reisa, er eit godt høve til å sjå både bakover og framover, ikkje minst på menneskets plass i det store biletet, endåtil på ein planetarisk skala. Vi har rota det til på vår eigen planet, og jammen om vi ikkje har rukke og leggje frå oss litt skrot på månen også.
Eg er av sorten som endå kan verte slegen av djup undring og ikkje lite fascinasjon når eg kikkar opp i mørkret ei sommarnatt, og kjem på at menneske faktisk har reist til den kvite skiva der ute. Få ting konfronterer oss meir effektivt med ytterpunkta i vår eigen eksistens enn blikket tilbake mot jordkloden, slik det har vorte fanga i ikoniske fotografi.
Og om dette blikket har sitt lydspor, er det musikken Brian Eno laga, saman med broren Roger og Daniel Lanois, på plata Apollo: Atmospheres and Soundtracks (1983), til ein dokumentarfilm som samla 35 mm-opptak frå måneferdene. I høve jubileet i sommar kom ei nyoppussa utgåve ut, med heile 11 ferske komposisjonar i tillegg til dei 12 som var å finne på originalalbumet.
Lyden av fantasi
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.