Musikk
Mainstream eleganse
Ei gitarplate som definitivt ikkje berre er for gitaristar.
Albumet til Svein Rikard Mathiesen vart spelt inn i ei tre dagar lang økt i København.
Svein Rikard Mathiesen er ingen barrikadestormar, men han lagar musikk som ein legg merke til. Det meste blir spelt i eit tradisjonelt kvartettformat, og gitarreferansane er tydelege, men dei blir berre diskret krydder i ein musikalsk gryterett som har distinkte og delikate smakar.
Nye låtar
København har vore base for Mathiesen, og han har jobba med same band, Somebody’s Quartet, i fleire år. Målet hans har vore å skriva litt nytt til kvar turné, slik at repertoaret frå debutplata Copenhagen Diaries gradvis kunne få avløysing. Låtane er ein tvillaus kvalitet ved plata, men det er også arrangementa. Truleg er desse utvikla i konsertsamanheng, og i mars 2017 hadde repertoaret funne forma og kunne spelast inn i ei tre dagar lang økt i København.
Den vanskelege andreplata
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.