Magisk samarbeid
Mats Eilertsen har samanstilt tekstar på originalt vis.
Det nyskipa plateselskapet NXN, eigd av Naxos Norge, har som mål å gje ut kvalitetsmusikk uavhengig av sjanger. Samarbeidet mellom Mats Eilertsen Trio og Trio Mediaeval er på alle vis ei realisering av programerklæringa. Prosjektet er likevel ikkje initiert av plateselskapet. Det blei tinga til Jazzfest i Trondheim i mai 2016. Innspelinga er gjort i studioet Newtone i januar og februar i år.
Musikken er komponert av Eilertsen, innimellom med god hjelp av Strønen og Fraanje. Dei 17 låtane spenner frå harmonisk opne og rytmisk frie stykke til tidlegmusikkpastisjar. Med unnatak av seks instrumentalar er tekstane utdrag frå messetekstar og dikt av Tor Ulven. Sjølv om musikken er sjangermessig mangslungen, så heng han i den meditative grunnstemninga si godt i hop.
Å setja saman tekstane slik det her er gjort, gjev både messetekstane og Ulven-dikta ein tilleggsdimensjon, ein forsterka ambivalens. Instrumentallåtane står på eigne bein, men bind på gjennomtenkt vis saman det tekstbaserte materialet. Memorabilia har ein klar verkkarakter.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.