Magisk samarbeid
Mats Eilertsen har samanstilt tekstar på originalt vis.
Jazz / Samtids-
musikk
Mats Eilertsen Trio & Trio Mediaeval
Memora-
bilia
Anna Maria Friman; Linn Andrea Fuglseth og Jorunn Lovise Husan, vokal; Harmen Fraanje, piano; Mats Eilertsen, bass; Thomas Strønen, trommer. NXN Recordings NXN2003
Det nyskipa plateselskapet NXN, eigd av Naxos Norge, har som mål å gje ut kvalitetsmusikk uavhengig av sjanger. Samarbeidet mellom Mats Eilertsen Trio og Trio Mediaeval er på alle vis ei realisering av programerklæringa. Prosjektet er likevel ikkje initiert av plateselskapet. Det blei tinga til Jazzfest i Trondheim i mai 2016. Innspelinga er gjort i studioet Newtone i januar og februar i år.
Musikken er komponert av Eilertsen, innimellom med god hjelp av Strønen og Fraanje. Dei 17 låtane spenner frå harmonisk opne og rytmisk frie stykke til tidlegmusikkpastisjar. Med unnatak av seks instrumentalar er tekstane utdrag frå messetekstar og dikt av Tor Ulven. Sjølv om musikken er sjangermessig mangslungen, så heng han i den meditative grunnstemninga si godt i hop.
Å setja saman tekstane slik det her er gjort, gjev både messetekstane og Ulven-dikta ein tilleggsdimensjon, ein forsterka ambivalens. Instrumentallåtane står på eigne bein, men bind på gjennomtenkt vis saman det tekstbaserte materialet. Memorabilia har ein klar verkkarakter.
Dei to trioane er som skapte for kvarandre. Samklangen og nyanserikdomen i fraseringa til Trio Mediaeval står krystallklart fram i eit lydbilete som er velsigna transparent. Fraanje, Eilertsen og Strønen går på dynamisk vis inn i den tilbakehaldne komprolla for så på friare vis å halde på merksemda aleine i instrumentalane. Alt saman gjort på sedvanleg lyttande vis. Plata er tilrådd utan atterhald.
Lars Mossefinn
Lars Mossefinn er lærar ved Voss gymnas og fast jazzmeldar
i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Foto: Javad Parsa / NTB
Bedre forhold for villreinen
Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.