Lyrisk på Lysøen

Ein dryg time med katamaran sør for Bergen, på Lysøen i Os, er Festspillenes kanskje mest eksentrisk utsmykka konsertarena: stova i Ole Bulls sommarvilla, som kjennest som ei blanding av stavkyrkje og maurisk palass. Laurdag 25. mai framførte Berlinfilharmoniens amerikanske fyrstekonsertmeister Noah Bendix-Balgley her eit blanda fiolinprogram, til stødig klaverakkompagnement av austerrikaren Christoph Traxler.
Fiolinsonaten i c-moll, BWV 1017, av J.S. Bach kunne me klart oss utan. For sjølv om framføringa var teknisk lytefri, var korkje tolkinga eller klangen meir interessant enn tubeost. Kontrasten til Johannes Brahms (1833–1897) Fiolinsonate i A-dur, op. 100, kunne ikkje vore større – dette er kjernerepertoar for Bendix-Balgley, som med fortetta tone og klokkerein intonasjon greidde å spenna herleg lyriske melodibogar.
Som ekstranummer fekk me sjølvsagt husherren Ole Bulls «Sæterjentens søndag», kuriøst nok spelt på ein av Bulls eigne fiolinar.