Lydleg eventyrlyst
All Mirrors vert ståande som eit vegskilje i Angel Olsens karriere.
Angel Olsen kjem til Oslo til vinteren, med konsert på Rockefeller 1. februar.
Pressefoto
Alt frå første tone er det klart at All Mirrors, det nye albumet frå Angel Olsen, den fjerde studioplata hennar, representerer eit vegskilje i karrieren: Opningslåten «Lark» blæs open ei lydleg dør eller to og ber bod om eit større bilete, ei rørsle over i storskalaformat.
Det finst nok Olsen-lyttarar der ute som vil hevde at den transformative krafta som blømer med All Mirrors, nok gjorde seg gjeldande alt for tre år sidan, på My Woman (2016), for det var då indieyndlingen fann fram til tangentane og erstatta gitaren med synth – ho skrudde rett og slett om på korleis musikken hennar skulle høyrest ut. Det gjorde henne i stand til å synge annleis, artikulere på ein ny måte. Olsen tok slik det første steget i ei ny utforsking av eigen kunstnaridentitet.
Leiken
Med den leikne videoen til songen «Shut Up Kiss Me», der artisten poserer med sølvparykk og rulleskøyter, braut ho med biletet av henne som var skapt med knallsterke Burn Your Fire for No Witness (2014), eit album prega av eit hardt, nakent, men også kontrollert, singer-songwriter-uttrykk.
For tre år sidan tok altså Olsen grep om ikkje berre innhald, men innpakking og promotering: Ho ønskte å setje identiteten sin, slik han vart projisert mot ein marknad av andre krefter enn henne sjølv, i spel.
Dette arbeidet held fram, og når nye høgder, med All Mirrors, ei plate som med sitt orkestrale åtak representerer noko av eit før og etter-skilje i artistens karriere.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.