Lydleg eventyrlyst
All Mirrors vert ståande som eit vegskilje i Angel Olsens karriere.
Angel Olsen kjem til Oslo til vinteren, med konsert på Rockefeller 1. februar.
Pressefoto
Pop / rock
Angel Olsen:
All Mirrors
Secretly Canadian
Alt frå første tone er det klart at All Mirrors, det nye albumet frå Angel Olsen, den fjerde studioplata hennar, representerer eit vegskilje i karrieren: Opningslåten «Lark» blæs open ei lydleg dør eller to og ber bod om eit større bilete, ei rørsle over i storskalaformat.
Det finst nok Olsen-lyttarar der ute som vil hevde at den transformative krafta som blømer med All Mirrors, nok gjorde seg gjeldande alt for tre år sidan, på My Woman (2016), for det var då indieyndlingen fann fram til tangentane og erstatta gitaren med synth – ho skrudde rett og slett om på korleis musikken hennar skulle høyrest ut. Det gjorde henne i stand til å synge annleis, artikulere på ein ny måte. Olsen tok slik det første steget i ei ny utforsking av eigen kunstnaridentitet.
Leiken
Med den leikne videoen til songen «Shut Up Kiss Me», der artisten poserer med sølvparykk og rulleskøyter, braut ho med biletet av henne som var skapt med knallsterke Burn Your Fire for No Witness (2014), eit album prega av eit hardt, nakent, men også kontrollert, singer-songwriter-uttrykk.
For tre år sidan tok altså Olsen grep om ikkje berre innhald, men innpakking og promotering: Ho ønskte å setje identiteten sin, slik han vart projisert mot ein marknad av andre krefter enn henne sjølv, i spel.
Dette arbeidet held fram, og når nye høgder, med All Mirrors, ei plate som med sitt orkestrale åtak representerer noko av eit før og etter-skilje i artistens karriere.
Inspirasjon
Ornamentikken kjem likevel ikkje i vegen for det introspektive preget som frå første stund har kjenneteikna Olsens songar, sjølv om det dreier seg om ei annan form for intimitet enn når ho stiller seg opp åleine med ein elektrisk gitar i hendene. Ein song som «Tonight», det åttande sporet på All Mirrors, er utstyrt med kvervlande strykarar og aspirert vokal, men kjem like overrumplande tett på som noko av det vi høyrde på Burn Your Fire for No Witness.
I eit større intervju med The New York Times for nokre veker sidan kom det fram at materialet på All Mirrors først vart til som råe, enkle demoutgåver, før Olsen i samarbeid med folk som John Congleton og Ben Babbitt fann fram til felles referansar når dei skulle utvikle lydbiletet på songane. Til avisa listar ho opp inspirasjonskjelder som lydsporet til «Twin Peaks», Nancy Sinatra, Gyorgy Ligeti, Brian Eno, Serge Gainsbourg, Robert Fripp, Henryk Gorecki, Ornette Coleman og Scott Walker. Til saman seier namna mykje om den soniske eventyrlysta som har fått kjenneteikne All Mirrors.
Øyvind Vågnes
Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Fargerikt om tolsemd
Me får garantert høyra meir til komponisten Eilertsen.
Birger Emanuelsen har skrive både romanar, essay og sakprosa etter debuten i 2012.
Foto: Christopher Helberg
Endringar til godt og vondt
Birger Emanuelsen skriv om folk slik at ein trur på det.
Me drog til månen av di det var teknologisk mogleg. Eit strålande døme på det teknologiske imperativet. Her vandrar astronaut Buzz Aldrin frå Apollo 11 rundt og les sjekklista si på venstre arm på ekte ingeniørvis.
Kjelde: Nasa
Teknologisk imperativ!
«Birkebeinerne på ski over fjellet med kongsbarnet».
Foto: Morten Henden Aamot
Eit ikonisk stykke kunst er kome heim
Medan gode krefter arbeider for å etablere eit museum for kunstnarbrørne Bergslien på Voss, har den lokale sparebanken sikra seg ein originalversjon av eit hovudverk av målaren Knud Bergslien.
Frå rettsoppgjeret i Trondheim etter krigen. Henry Rinnan på veg inn i tinghuset i Trondheim 30. april 1946.
Foto: NTB
Rett i fella
Nikolaj Frobenius tar seg altfor godt til rette i kjeldematerialet. Rinnan-romanen hans er både problematisk og uinteressant.